NM og NC på Østre Toten

07.02.2015 at 22:14

I helga er 7 utøvarar frå HIL på Østre Toten ved Gjøvik og går Norgescuprenn. Martin Femsteinevik (Menn 20-21) skaut 19 treff og kom på 2.plass under NM-fellesstarten på fredag. Gratulerer så mykje til han! Andre HIL-prestasjonar som må nemnast er Bjarte Solvang sin 15.plass i seniorklassen under sprinten laurdag. Eit svært sterkt løp! Søndag er det klart for Mix-stafettar. Følg med på resultat og live-sending frå Toten via denne linken: http://nctoten.no/