Erlend vart kretsmeister

10.01.2015 at 20:23

Trass stormen var heile 41 utøvarar frå HIL til Sjusete og gjekk skiskyttarrenn (normalprogram) i dag. Erlend Solvang vann klassen G 15 og vart kretsmeister. Guro og Martin Femsteinevik vann også sine klassar. Gratulerer! I tillegg var det også mange andre gode HIL-løp. Kristi, Eirik, Ingrid H, Otto, Maria, Katarina og Håvard H kom på 2.plass i sine klassar. Kristoffer og Embrik klarde kvar sin 3. plass. Sjå heile resultatlista her: Sport1 Cup3 KM Normal 10.jan 2015 I morgon er det sprint på Sjusete. Me ynskjer alle lykke til!