NM-gull til Ragnhild og Martin!

21.09.2014 at 21:41

Under jaktstarten på rulleski-NM for juniorar søndag vart det full klaff for søskenparet Femsteinevik. Martin forsvarte 1.plassen frå i går og sikra seg den andre gullmedaljen for helga. Ragnhild Femsteinevik skaut svært godt i dag (0-0-2-0) og gjekk seg opp frå 5.plass til ein klar siger. Flotte løp av begge to.  HIL gratulerer så mykje med NM-titlane!

Martin og Ragnhild bilde 2014

 

https://sites.google.com/site/nmrulleskiskyting2014/