Martin vart Norgesmeister i rulleskiskyting!

20.09.2014 at 17:38

Me gratulerer Martin Femsteinevik med eit kanonløp i junior-NM i Steinkjer i dag. Han skaut feilfritt, og gjekk inn til siger i klassen Menn 20-21år.

Martin Norgesmester SommerNM 14

 

Fredag var det skytefinalar der  Trygve Vangsnes gjorde det bra og kom på 3.plass i sin klasse.
Laurdag var det sprint på programmet. I tillegg til Martin sitt flotte løp,  klarte søster Ragnhild ein flott 5.plass i klassen Kvinner 20-21år.
Søndag er det jaktstart. For program, resultat og link til livesending sjå arrangøren si heimeside: https://sites.google.com/site/nmrulleskiskyting2014/  Heia HIL!