Strålande sesongavslutning

07.04.2014 at 22:30

4.-6.april var det sesongavslutning for 9-16-åringane på Liatoppen i Ål. Det var 1100 deltakarar på verdas største skiskyttarrenn i år. Det var opningshow og premieseremoniar og mange blide born på ski. HIL stilte med 25 utøvarar. Alle gjorde ein flott innsats. Som døme på flotte resultat kan me nemna Otto Femsteinevik sin 9.plass, Emmas Poiree sin 14.plass, Katarina Aarseth sin 15.plass, Erlend Solvang sin 16.plass, Eirik Hjartnes sin 18.plass, Martin Dale sin 24.plass, Ingri Hovland sin 28.plass, Ingrid Hansen sin 30.plass og Maria Rød sin 32.plass. Det er frå 60 til 120 deltakarar i klassane, så konkurransen er stor. Det må også nemnast at Katarina, Erlend og Ingrid H klarde 10 treff eine dagen. Det er bra gjort! Fredag gjekk mange av utøvarane stafett. Det var kjempekjekt å sjå på, og spennande for utøvarane  å vere med på. Nybegynnarane våre gjorde det også knallbra i sine renn! For meir info og resultat sjå www.liatoppenskiskyttarestival.no og sjå bilda nedanfor: