Mykje moro på Voss

30.03.2014 at 20:49

NM på Voss vart ei fin avslutting på skiskyttarsesongen. Me gratulerer Ragnhild Femsteinevik med siger i finalerennet for Statkraft Junior-cup og med 3.plass samanlagt i Junior-cupen. Ingvild Berlandstveit kom på ein flott 7.plass samanlagt. Gratulerer begge to! Elles var det spennande å fylgje lokale og nasjonale heltar på Voss i helga. Til tross for ein del sjukdom og frafall var det mange gode løp og topp stemning. Landslagstrenar Egil Gjelland landa på arenaen i fallskjerm, rett før kvinnene skulle gå fellesstart. For publikum var det småskummelt å sjå på fallskjermhoppinga, men fru Ann Elen var roleg som vanleg, og oppteken av å innskyting med Team Statkraft Hordaland. Takk til Voss for eit flott NM-arrangement! Sjå meir bilder og resultat på http://skiskytingvoss.no/