Kretsmesterskap Sport 1 Cup Myrkdalen

09.03.2014 at 18:24

Laurdag 8.mars arrangerte Kvam LSK det 7. rennet i Sport 1 Cupen denne vinteren. Pga snømangel gjekk rennet i Myrkdalen. HIL gratulerer Ingrid Hansen, Otto Femsteinevik og Erlend Solvang med 1.plass under normalprogrammet. Emma Poiree, Torbjørn Fosså og Martin Dale sikra seg kvar sin 2.plass, og Katharina Aarset og Embrik Børresen kom på 3.plass i sine klassar.  For alle resultat sjå her: KM Normal Sport1 Cup 7 2014 Supert at så mange frå HIL stiller på renn. Heile 30 spreke HIL-løparar hadde teke turen til Myrkdalen, av desse var det 12 flinke nybegynnarar.
Dette var det siste teljande rennet i Sport 1 Cupen denne sesongen. Me kjem tilbake med oversikt over sammenlagtresultat.

Vossmars14.sjpgkmVoss14 053Vossmars14.rjpg

 

Vinnarane Otto, Ingrid og Erlend.