Sport 1 Cup i Vik

03.02.2014 at 19:30

Laurdag 1.og søndag 2. februar var det Vik sin tur til å arrangere kretsrenn. Det var utøvarar (totalt ca 150) frå Hordaland + Sogn og Fjordane. HIL stilte med 20 superspreke skiskyttarar. Det var mykje vind og skikkeleg tøffe forhold. Under laurdagens kretsmesterskap vart det gullmedalje til Erlend Eide og Ingvild Berlandstveit. Katharina Aarseth og Martin Dale fekk sølvmedalje. Håvard Hjartnes, Otto Femsteinevik og Emma Poiree klarde bronseplass. Søndag var det jaktstart for alle frå 13 år og oppover. Det vart mange spennande oppgjer i stormen. Otto Femsteinevik klarde å gå seg opp til 1.plass etter super innsats i løypa. Katharina Aarseth forsvarte 2.plassen sin, Håvard Hjartnes gjekk seg opp til 2.plass søndag. Ingvild Berlandstveit vart nr. 1 i mål og Ragnhild Femsteinevik, Thomas Netland og Erlend Eide sikra seg kvar sin 2.plass. For dei yngste var det sprint begge dagar. Eirik Hjartnes klarde å kapre 3.plassen søndag etter 9 treff i tøffe forhold. Også mange andre flotte løp. For alle resultat sjå her:
Laurdag Sprint: Resultat 1.2
Søndag Sprint (for dei under 11år): Resultat sprint 2.2
Søndag Jaktstart: Resultat jaktstart 2.2

Takk til Vik for flotte løyper og fine renndagar!