Resultat Sparebank Vest karusell nr 4

30.01.2015 at 10:51

Her er resultata frå karusellrenn nr. 4 (27.januar 2015): Resultat SPV-4 2015

To gull til Otto

25.01.2015 at 19:14

7 HIL-utøvarar var i helga på Landsdelsmesterskap i Volda. Otto Femteinevik (G14) gjekk heilt til topps både laurdag og søndag, og vart såleis Vestlandsmeister i både sprint og normal. Erlend Solvang (G15) gjekk eit strålande sprint-løp laurdag og kom på 2.plass, berre 3 sekund bak vinnaren. Guro Femsteinevik (J11) kom […]

Klubbrenn søndag

23.01.2015 at 20:28

Det blir eit lite uhøgtidleg klubbrenn i skiskyting på Bygdastølen søndag 25.januar. Start innskyting kl 13.00.

Karusellrenn avlyst tysdag 20.januar.

19.01.2015 at 22:50

Karusellrennet tysdag  20.januar  er avlyst pga arrangement på Holdhus Oppvekstsenter.

Invitasjon til renn i Hålandsdalen

19.01.2015 at 22:40

HIL skal arrangere renn 14. og  15. februar, fellesstart på laurdag og KM sprint på søndag. Me satsar  på ei flott rennhelg  på Bygdastølen. Skiskyttarrenn krev mange funksjonærar og mange må vere forberedt på å gjere ein innsats denne helga. Håpar det går bra for dei fleste. Sjå renninvitasjonen  her: Invitasjon-fellesstart-og-KM-sprint-2015-red […]

Norgescupsprint

18.01.2015 at 20:33

Gode HIL resultat i NC i dag:  Menn Senior; Bjarte Solvang 19.plass, Kvinner 20/21; Ragnhild Femsteinevik 8.plass, Ingvild Berlandstveit 11.plass, Kvinner Senior; Heidi Berlandstveit 6.plass. Alle desse fire skaut 8 av 10 treff under dagens sprint. Neste NC er på ØTS skisenter Karidalen på Toten 6.7.og 8.februar, sjå arrangøren si […]

Norgescup-siger til Heidi

17.01.2015 at 23:31

Under normalprogrammet i Norgescupen på Stemningsmogen i Flesberg gjekk Heidi Berlandstveit heilt til topps. Ho skaut 19 treff og vann i klassen Kvinner Senior. Gratulerer så mykje! 4 andre HILutøvarar kom blant dei 20 beste i sine klassar: Ingvild Berlandstveit 8.plass, Martin Femsteinevik 9.plass, Ragnhild Femsteinevik 11.plass og Håvard Hjartnes […]

Sparebank Vest Karusell nr. 2

14.01.2015 at 21:44

Det vart arrangert karusellrenn i Sparebank Vest karusellen tysdag 13.01 i lysløypa på Holdhus. Det var suverent gode løyper og alle retta ein stor takk til løypekøyraren. Det var og god stemning i løypa og på kjøkkenet. På grunn av arrangement på Holdhus Oppvekstsenter neste tysdag 20.01 vert det ikkje […]

Gode HIL-resultat på Sport 1 cup på Sjusete

11.01.2015 at 20:59

6 av rekruttane frå Hålandsdal Idrettslag klatra heilt til topps på pallen på sprinten i dag: Thomas Aarseth, Guro Femsteinevik, Katarina Aarseth, Otto Femsteinevik, Erlend Solvang og Martin Dale. Me gratulerer så mykje! HIL klarde mange pall-plasseringar og mange flotte løp i vinden. Heile resultatlista finn du her: Sport1 Cup4 Sprint […]

Erlend vart kretsmeister

10.01.2015 at 20:23

Trass stormen var heile 41 utøvarar frå HIL til Sjusete og gjekk skiskyttarrenn (normalprogram) i dag. Erlend Solvang vann klassen G 15 og vart kretsmeister. Guro og Martin Femsteinevik vann også sine klassar. Gratulerer! I tillegg var det også mange andre gode HIL-løp. Kristi, Eirik, Ingrid H, Otto, Maria, Katarina […]