Årsfest onsdag 7.mai

17.04.2014 at 13:29

HIL inviterer til Årsfest onsdag 7. mai klokka 18.00 i gymsalen på Holdhus. Det vert lysbilder, presentasjon av utøvarar, underhaldning, mat m.m. Det vert korgafest dvs alle tar med seg litt mat. HIL skaffar drikke. PS: Send blinkskot frå sesongen (utøvarar + støtteapparat m.m.) på e-post til karihjartnes@gmail.com   

Dugnad på Holdhus 30.april

17.04.2014 at 13:25

Dugnad onsdag 30. april kl 18.00. Vi må: Vedlikehalde sjølvanvisere, tømme bly, bytte gummi mm. Rydde, rydde før 17.mai. Fullføre gjerde rundt ny løype.  

Ragnhild og Martin på juniorlandslaget

15.04.2014 at 06:41

Gratulerer så mykje til søskenparet Ragnhild og Martin Femsteinevik med plass på juniorlandslaget!

Strålande sesongavslutning

07.04.2014 at 22:30

4.-6.april var det sesongavslutning for 9-16-åringane på Liatoppen i Ål. Det var 1100 deltakarar på verdas største skiskyttarrenn i år. Det var opningshow og premieseremoniar og mange blide born på ski. HIL stilte med 25 utøvarar. Alle gjorde ein flott innsats. Som døme på flotte resultat kan me nemna Otto […]

Spennande stafettar på Holdhus

02.04.2014 at 22:23

Onsdag 2.april var nesten 40 born på trening og testløp på Holdhus. Til tross for vinter med lite snø har denne fantastiske gjengen stilt på skiskyttartreningar gjennom heile sesongen. No er sesongen snart ferdig, og det var spennande stafettar, medaljar og vafler på treninga. Innsatsen var stor og humøret på […]