Liatoppen skiskyttarfestival

31.03.2014 at 07:19

Mange av HIL sine utøvarar i klassane 9-16 år avsluttar sesongen på Liatoppen i Ål 4.-6.april. Sjekk program, liste m.m. på www.liatoppenskiskytterfestival.no 

Mykje moro på Voss

30.03.2014 at 20:49

NM på Voss vart ei fin avslutting på skiskyttarsesongen. Me gratulerer Ragnhild Femsteinevik med siger i finalerennet for Statkraft Junior-cup og med 3.plass samanlagt i Junior-cupen. Ingvild Berlandstveit kom på ein flott 7.plass samanlagt. Gratulerer begge to! Elles var det spennande å fylgje lokale og nasjonale heltar på Voss i […]

Bjarte Solvang best i dag!

26.03.2014 at 21:00

Under normalprogrammet, 20 km, NM på Voss i dag gjekk Bjarte Solvang eit strålande renn. Han skaut 18 treff og hadde stor fart i sporet. Han gjekk inn til ein flott 16.plass, og vart best av HIL-utøvarane i dag. Johannes Thingnes Bø frå Markane vann. Det var 70 deltakarar i […]

NM i skiskyting på Voss

25.03.2014 at 23:32

25.-30.mars er det klart for senior-NM i skiskyting på Voss ski-og tursenter. Det er meldt strålande vèr, og skiskyttarheltar som Ole Einar Bjørndalen, Emil Hegle Svendsen, Tora Berger og Tiril Eckhoff kjem. Dette blir kjekt! Mange av HIL sine seniorar og juniorar er påmeldt i dei ulike NM-øvelsane. Heia HIL! […]

Finale Sport 1 Cup 2014

23.03.2014 at 22:32

Laurdag 22.mars var siste rennet i Sport 1 Cupen 2014. Kvam LSK arrangerte rennet i Myrkdalen pga snømangel i Kvam.  Det er klassane 13 til 16 år som tel i cup-samanheng. Otto Femsteinevik, Erlend Solvang og Martin Dale (bilde) gjekk heilt til topps i sine klassar på sprinten laurdag. Gratulerer […]

Vestlandsmeisterskap i Vik

16.03.2014 at 22:54

10 utøvarar frå HIL var i Vik i helga for å gå Vestlandsmeisterskap. Me gratulerer Otto Femstenevik og Ingvild Berlandstveit som Vestlandsmeistrar! Otto vann G 13-klassen på sprinten laurdag, Ingvild vann i klassen Kvinner 19 under normalen søndag. Andre medaljevinnarar i helga var Vegard og Håvard Bjørndal. Mange gode løp […]

Kretsmesterskap Sport 1 Cup Myrkdalen

09.03.2014 at 18:24

Laurdag 8.mars arrangerte Kvam LSK det 7. rennet i Sport 1 Cupen denne vinteren. Pga snømangel gjekk rennet i Myrkdalen. HIL gratulerer Ingrid Hansen, Otto Femsteinevik og Erlend Solvang med 1.plass under normalprogrammet. Emma Poiree, Torbjørn Fosså og Martin Dale sikra seg kvar sin 2.plass, og Katharina Aarset og Embrik […]

NM/NC i Os/Røros

09.03.2014 at 17:23

Gratulerer så mykje til Ragnhild Femsteinevik som tok ein ny NM-medalje då ho sikra seg sølv under NM-fellesstarten på Røros fredag 7.mars! Laurdag 8.mars var det NC SuperSprint og Søndag 9.mars var det NM Mix-stafett. Mange gode løp og etappar. For alle resultat sjå arrangøren si heimeside: http://os-idrettslag.no/5471.5454.NM-NC-2014.html 

5.plass til Martin i junior-VM

06.03.2014 at 19:29

Martin Femsteinevik gjekk eit flott løp under normalen i junior-VM onsdag. Han skaut 19 treff og gjekk inn til ein imponerande 5.plass. Me gratulerer så mykje! Link til resultat: http://services.biathlonresults.com/Live.aspx Martin Femsteinevik har gjort det svært godt under  junior-VM i USA. Han kom på 11.plass både på sprinten og på jakstarten. […]

Sport 1 Cup nr. 8 og 9 Voss ski- og tursenter

02.03.2014 at 00:07

Det var 2 flotte renndagar på Voss i helga. HIL stilte med ca 25  spreke utøvarar. På pallen på sprinten laurdag: Siger til Erlend Solvang, Otto Femsteinevik og Ragnhild Femstenevik. 2.plass til Eirik Hjartnes, Ingvild Berlandstveit og Thomas Netland. 3.plass til Håvard Hjartnes. For alle resultat sjå: Offisiel_resultat 1.mars 2014 Sprint/Fellesstart […]