Martin til Junior-VM i USA

28.01.2014 at 19:21

Norges Skiskytterforbund har teke ut juniorløpar Martin Femsteinevik til VM junior i Presque Isle i USA 28. februar til 7. mars. HIL gratulerer med VM-plass! Me heiar på deg! Sjå artikkel om Martin i Kvinnheringen: http://www.kvinnheringen.no/sport/article7132488.ece

Norgescup i Myrkdalen Søndag 25.januar

26.01.2014 at 22:07

Trass mykje vind har det vore 2 flotte dagar i Myrkdalen. I dag  slo Ingvild Berlandstveit (bilde) til med 9 treff og 3.plass på sprinten. Ho går i klassen Kvinner 19år. Martin Femsteinevik gjekk også eit flott løp. Han skaut 8 treff og enda på 7.plass i klassen Menn 20-21 […]

Norgescup i Myrkdalen Laurdag 25.januar

25.01.2014 at 22:40

Under normalprogrammet i Norgescupen i Myrkdalen i dag var det Anders Hjartnes (bilde) som gjorde det best av HIL-løparane. Han gjekk inn til 4.plass i klassen Menn 19år. Martin Femsteinevik kom på 12.plass i klassen Menn 20-21 og Bjarte Solvang tok 17.plassen i Seniorklassen. I klassen Kvinner 19år vart Ragnhild […]

I helga er det Norgescup i Myrkdalen

23.01.2014 at 22:14

Laurdag 25. og søndag 26.januar er det Norgescup i Myrkdalen. Me ynskjer juniorane og seniorane i HIL, samt resten av Team Statkraft Hordaland lykke til! For meir info om arrangementet sjå arrangøren si heimeside www.eldar.no

Kvalfoss-sprinten 2014

20.01.2014 at 23:02

Under Kvalfoss-sprinten samlast 13-16 år gamle skiskyttarar frå heile Norge seg i Oslo. Vanlegvis går rennet i  Holmenkollen, men i år vart det flytta til Fossum pga snømangel i Kollen. HIL sine 10 utøvarar i 13-16-årsgruppa gjorde ein flott innsats i hovedstaden. Best av alle gjekk det med Otto Femsteinevik […]

Ikkje karusellrenn denne veka!

20.01.2014 at 20:26

Vinden har teke så mykje av snøen på Holdhus at me desverre må avlyse karusellrennet i morgon, tysdag 21.januar. Me håper det ordner seg med meir snø til neste tysdag!

Karusellrenn nr. 1 kom plutseleg.

14.01.2014 at 23:00

Tysdag 14.januar vart det ganske hastig bestemt at ein skulle prøve å få til vinterens fyrste karusellrenn på Holdhus. Sjølv om ein ikkje hadde fått varsla så mange, stilte det 65 ivrige utøvarar til start. Dei yngste går 500 meter, og så stig løypelengda med alderen. Det ser ut som […]

Kjøp parkeringskort via heimesida!

13.01.2014 at 00:11

No kan du bestille årskort for vegen frå Solvang til Bygdastølen her på heimesida. Sjå under overskrifta «Bygdastølen ski-og tursenter» øverst på heimesida. Her finn du det du treng for bestilling av årskort. Sommar og vinter er parkeringsplassen v/ Heihiller eit flott utgangspunkt for mykje god aktivitet. Gjer 2014 til […]

Lite snø, fine forhold

12.01.2014 at 16:14

Etter at det natt til søndag kom ca 5 cm snø på Holdhus er det fullt mogeleg å gå på ski i rulleskiløypa. Har du fleire ski bør du ta dei du er minst redd for. Rulleskistavar er ein fordel. Det er lys i lysløypa fram til kl 21.30 om […]

Norgescup nr. 2 Sjusjøen 4.-5.januar

05.01.2014 at 23:28

Norgescuprenna for juniorar vart flytta frå Karidalen på Østre Toten til Sjusjøen (Lillehammer) pga snømangel på Toten. 9 utøvarar frå HIL stilte til start på sprinten laurdag og jaktstarten søndag. Det vart mange spennande løp. Ragnhild Femsteinevik og Ingvild Berlandstveit (Kvinner 19) sine beste plasseringar denne helga var på sprinten. Der gjekk […]