Bra HIL-innsats på Geilo

25.11.2013 at 00:08

I helga var det Sparebank 1 Cup på Geilo. Dette rennet er for mange av 13-21-åringane det fyrste rennet for sesongen. Det var nydeleg vèr og gode forhold, trass ein del vind. For HIL sine juniorar kan me nemne at Ingvild Berlandstveit gjekk heilt til topps og Thomas Netland vart nr.2 i […]

Sesongstart på Sjusjøen

16.11.2013 at 19:27

Endeleg er skiskyttarsesongen i gong att. Martin Femsteinevik gjorde det nest best av dei norske juniorane som deltok på Sjusjøen i dag. Han fekk 3 bom men var likevel berre 2 min og 42 sekund bak vinnaren Emil Hegle Svendsen. Martin gjekk veldig godt i sporet! Lykke til på fellesstarten i morgon. Sjå arrangøren […]

Snøsamling er kjekt!

11.11.2013 at 00:07

HIL var i helga på den årlege snøsamlinga på Geilo. Det er alltid stor stas å få gå på ski etter mange månader med trening på asfalt og i skog og mark. Det var nydelege forhold og det vart gjennomført 4 gode økter på ski. Skytinga var også bra, og […]

Klubbkveld på Mo Sport

07.11.2013 at 18:06

Hålandsdal Idrettslag er invitert til klubbkveld på Mo Sport Norheimsund , torsdag 14.november kl 18.00-20.00. Kjempegode tilbod! Sjå invitasjonen her: Klubbkveld Nordisk

Kretssamling i Myrkdalen

07.11.2013 at 17:59

Fyrste renn i Sport 1 Cup vert arrangert av Eldar den 15.desember i Myrkdalen. I den samanheng arrangerer kretsen samling for 13-16-åringane i Myrkdalen/på Helgatun. Sjå invitasjon her: HSSK-kretssamlingdesember2013