Sport 1 Cup i Hålandsdalen

09.02.2015 at 23:38

Til helga er det klart for Sport 1 Cup nr 5 og 6 i Hålandsdalen. Det er rikeleg med snø på Bygdastølen og det kjem til å bli to flotte renndagar. Det vert Fellesstart (sprint for 8-12år) på laurdag 14.februar og KM Sprint på søndag 15.februar. Under «Sport 1 Cup […]

NM og NC på Østre Toten

07.02.2015 at 22:14

I helga er 7 utøvarar frå HIL på Østre Toten ved Gjøvik og går Norgescuprenn. Martin Femsteinevik (Menn 20-21) skaut 19 treff og kom på 2.plass under NM-fellesstarten på fredag. Gratulerer så mykje til han! Andre HIL-prestasjonar som må nemnast er Bjarte Solvang sin 15.plass i seniorklassen under sprinten laurdag. […]

Flotte dagar i Holmenkollen

03.02.2015 at 07:29

 I helga var det Kvalfoss-sprinten i Holmenkollen og 8 utøvarar frå HIL var Austover.  Det var myke vind, men utøvarane likte seg godt i dei flotte løypene og det vart mange gode HIL-løp.  Ingri Hovland kom på 19.plass laurdag, Katarina Aarseth kom på 14.plass søndag. Alle resultat finn du på arrangøren si heimeside http://www.kvalfoss-sprinten.no/   […]

Resultat Sparebank Vest karusell nr 4

30.01.2015 at 10:51

Her er resultata frå karusellrenn nr. 4 (27.januar 2015): Resultat SPV-4 2015

To gull til Otto

25.01.2015 at 19:14

7 HIL-utøvarar var i helga på Landsdelsmesterskap i Volda. Otto Femteinevik (G14) gjekk heilt til topps både laurdag og søndag, og vart såleis Vestlandsmeister i både sprint og normal. Erlend Solvang (G15) gjekk eit strålande sprint-løp laurdag og kom på 2.plass, berre 3 sekund bak vinnaren. Guro Femsteinevik (J11) kom […]

Klubbrenn søndag

23.01.2015 at 20:28

Det blir eit lite uhøgtidleg klubbrenn i skiskyting på Bygdastølen søndag 25.januar. Start innskyting kl 13.00.

Karusellrenn avlyst tysdag 20.januar.

19.01.2015 at 22:50

Karusellrennet tysdag  20.januar  er avlyst pga arrangement på Holdhus Oppvekstsenter.

Invitasjon til renn i Hålandsdalen

19.01.2015 at 22:40

HIL skal arrangere renn 14. og  15. februar, fellesstart på laurdag og KM sprint på søndag. Me satsar  på ei flott rennhelg  på Bygdastølen. Skiskyttarrenn krev mange funksjonærar og mange må vere forberedt på å gjere ein innsats denne helga. Håpar det går bra for dei fleste. Sjå renninvitasjonen  her: Invitasjon-fellesstart-og-KM-sprint-2015-red […]

Norgescupsprint

18.01.2015 at 20:33

Gode HIL resultat i NC i dag:  Menn Senior; Bjarte Solvang 19.plass, Kvinner 20/21; Ragnhild Femsteinevik 8.plass, Ingvild Berlandstveit 11.plass, Kvinner Senior; Heidi Berlandstveit 6.plass. Alle desse fire skaut 8 av 10 treff under dagens sprint. Neste NC er på ØTS skisenter Karidalen på Toten 6.7.og 8.februar, sjå arrangøren si […]

Norgescup-siger til Heidi

17.01.2015 at 23:31

Under normalprogrammet i Norgescupen på Stemningsmogen i Flesberg gjekk Heidi Berlandstveit heilt til topps. Ho skaut 19 treff og vann i klassen Kvinner Senior. Gratulerer så mykje! 4 andre HILutøvarar kom blant dei 20 beste i sine klassar: Ingvild Berlandstveit 8.plass, Martin Femsteinevik 9.plass, Ragnhild Femsteinevik 11.plass og Håvard Hjartnes […]