Ikkje karusellrenn denne veka!

20.01.2014 på 20:26

Vinden har teke så mykje av snøen på Holdhus at me desverre må avlyse karusellrennet i morgon, tysdag 21.januar. Me håper det ordner seg med meir snø til neste tysdag!

Karusellrenn nr. 1 kom plutseleg.

14.01.2014 på 23:00

Tysdag 14.januar vart det ganske hastig bestemt at ein skulle prøve å få til vinterens fyrste karusellrenn på Holdhus. Sjølv om ein ikkje hadde fått varsla så mange, stilte det 65 ivrige utøvarar til start. Dei yngste går 500 meter, og så stig løypelengda med alderen. Det ser ut som […]

Kjøp parkeringskort via heimesida!

13.01.2014 på 00:11

No kan du bestille årskort for vegen frå Solvang til Bygdastølen her på heimesida. Sjå under overskrifta «Bygdastølen ski-og tursenter» øverst på heimesida. Her finn du det du treng for bestilling av årskort. Sommar og vinter er parkeringsplassen v/ Heihiller eit flott utgangspunkt for mykje god aktivitet. Gjer 2014 til […]

Lite snø, fine forhold

12.01.2014 på 16:14

Etter at det natt til søndag kom ca 5 cm snø på Holdhus er det fullt mogeleg å gå på ski i rulleskiløypa. Har du fleire ski bør du ta dei du er minst redd for. Rulleskistavar er ein fordel. Det er lys i lysløypa fram til kl 21.30 om […]

Norgescup nr. 2 Sjusjøen 4.-5.januar

05.01.2014 på 23:28

Norgescuprenna for juniorar vart flytta frå Karidalen på Østre Toten til Sjusjøen (Lillehammer) pga snømangel på Toten. 9 utøvarar frå HIL stilte til start på sprinten laurdag og jaktstarten søndag. Det vart mange spennande løp. Ragnhild Femsteinevik og Ingvild Berlandstveit (Kvinner 19) sine beste plasseringar denne helga var på sprinten. Der gjekk […]

Gratulerer Egil!

04.01.2014 på 23:09

Egil Gjelland vart kåra til Årets Trenar på idrettsgallaen i kveld. Vel fortjent! HIL sender varme gratulasjonar til Egil, Ann Elen og godjentene Kristi og Ingri!

Ikkje snøforhold på Bygdastølen

04.01.2014 på 20:30

Vèrprognosane tilseier mildver på Bygdastølen heilt fram til neste helg. Utan snø er det ikkje mulig å arrangere renn. Sport 1 Cup-renna som skulle gått på Bygdastølen 11. og 12 januar vert derfor flytta til 15. og 16 februar.

Julestemning i Myrkdalen

30.12.2013 på 17:51

Det var flott å vere på skiskyttarrenn i Myrkdalen søndag 29.desember. Det var fint vèr og gode forhold og HIL-utøvarane gjorde gode løp. 3 av dei yngste gjekk heilt til topps. Det var Emma Poiree (Jenter 11år), Eirik Hjartnes (Gutar 12år) og Otto Femsteinevik (Gutar 13år), sjå bilde. Av juniorane var det Ingvild […]

God Jul!

23.12.2013 på 08:42

Hålandsdal Idrettslag vil ynskje alle aktive, foreldre og gode støttespelarar ei god jul og eit godt nytt år. Takka vere stor dugnadsinnsats frå foreldre og gode økonomiske bidrag frå støttespelarar har me i år klart å halde oppe eit høgt aktivitetsnivå med god kvalitet. HIL har no om lag 60 registrerte […]

Invitasjon Sport 1 Cup 3 og 4 Hålandsdalen

23.12.2013 på 08:36

Hålandsdal Idrettslag inviterer til Sport 1 Cup på Bygdastølen 11. og 12. januar. Invitasjon finn du her: Invitasjon Sprint og KM fellesstart 2014 HIL