Karusellrenn avlyst i dag

19.02.2019 på 06:16

Det er dårlig vér og dårlege forhold på Holdhus i dag, og me må desverre avlyse karusellrennet.

HL-stafettar

17.02.2019 på 23:55

Oppdal 17.febr: Jentene frå Hordaland gjorde det svært bra under stafetten på Hovedlandsrennet søndag. Kristi Skjelbreid Gjelland gjekk fyrste etappe og veksla aller fyrst, Tiril Ure Totland gjekk ein god andre etappe, og Guro Femsteinevik sikra Hordaland 2.plass av totalt 12 lag. Gratulerer så mykje! Stine Henanger Halvosen gjekk på […]

Flotte resultat på Hovedlandsrennet

17.02.2019 på 23:43

Oppdal 15.-16.februar: HIL sine utøvarar gjorde det godt i NM for 15 og 16-åringar! Guro Femsteinevik gjekk inn til 2.plass på normalprogrammet i klassen Jenter 15 år.  Ho kom i mål 2 sek. bak vinnaren. Berre eit fall rett før mål hindra Guro frå sigeren denne gongen. Same dag gjekk […]

Guro vart dobbelt Vestlandsmeister

17.02.2019 på 23:40

9. og 10. februar var det Vestlandsmeisterskap i Synnulven, Sogn og Fjordane. Me gratulerer Guro Femsteinevik med siger i både sprint og på normalprogrammet. 

Karusellrenn i dag: AVLYST

12.02.2019 på 14:45

På grunn av at nedbøren på Holdhus no er slått om i regn, og YR melder om at det skal auke på med regn og mildvér ut over ettermiddagen, vel me å avlyse dagens karusellrenn. Håper på bedre vér og forhold i neste veke.

Invitasjon Gla’laks-cup på Bygdastølen

10.02.2019 på 20:47

2. og 3.mars arrangerer Hålandsdal Idrettslag skiskyttar-renn på Bygdastølen. Sjå invitasjonen her: Innbyding Gla’Laks Cup 7 og 8 – 2019 ver1

Karusellrenn nr. 3

05.02.2019 på 22:09

Grunnet bemanningsproblemer under dagens karusellrenn, ble det dessverre feil i tidtakingssystemet så det vises derfor ingen tider på deltakerlistene. Vi beklager dette, og lover bedring til neste karusellrenn. Her finn du liste over alle som deltok: Karusellrenn nr 3 2019  

Gode HIL-resultat i NorgesCup-renn

03.02.2019 på 19:09

Os i Østerdalen 2.-3. februar: 6 juniorar og 2 seniorar frå HIL stilte til start i Norgescuprenn i Os i helga. Martin Femsteinevik (M senior) klarde 3.plass både laurdag og søndag, gratulerer så mykje! Katarina Aarseth gjekk veldig godt søndag og kom inn på ein sterk 4.plass i klassen Kvinner […]

Vis omsyn i skiløypene.

02.02.2019 på 11:15

Hålandsdal IL er svært glade for å sjå at så mange finn vegen ut på ski i dei oppkøyrde skiløypene i Hålandsdalen.  Det vert lagt ned utallege timar med dugnadsarbeid for å halde løypene på Holdhus og Bygdastølen oppkøyrd så sant vèrforholda tillèt det. For at me skal klare å […]

Karusellrenn nr 2 i flotte forhold

29.01.2019 på 22:32

Holdhus tysdag 29.jan: Det var ein flott vinterkveld og 87 spreke skiløparar stilte til start i det 2. karusellrennet denne vinteren. Her er deltakarliste / resultatliste: Deltakerliste Karusell29.jan2019 Og her er nokre bilete av flinke skiløparar: