ArkivForsidenRenninfoTreningOm HILLinkerOttanosi DuathlonRulleskiløypeBildegalleriBygdastølen
 
 
   

 


  


 
 
 
Overskrift her..
Tekst her..


siste renn denne sesongen
Så var Liatoppen (og denne sesongen) historie. Det vart mange gode resultat på fellestartane idag: Jentene frå HIL slo til nok ein gong, med seier til Ragnhild føre Ingvild!! Desse to har delt seirane seg imellom, både her i kretsen og på større renn utanfor Hordaland. Stort gjorde også Trygve Vangsnes(bildet) det idag, med ein flott 14.plass (seier i sitt heat) på fellesstarten i ein stor klasse. Han skaut fullt hus, 10 treff, for aller første gang i ein konkurranse! Håkon Hansen gjorde det også bra idag med 7 treff og ein 39.plass i same klasse. Etter ein lang sesong er vi ved veis ende og HIL har god grunn til å vera godt nøgd med det løparane har prestert.
 


Seier til anders og ingvild!
Anders Hjartnes og Ingvild Berlandstveit vann sine klassar under Liatoppsprinten idag, klasse 15 år! Anders hadde 9 treff og vann med 6 sekund.  Ingvild hadde 8 treff idag og vann med 7 sekund føre Ragnhild Femsteinevik som vart nr 2! Håvard Hjartnes gjekk inn til ein flott 5plass i sin klasse, gutar 12 år. Forutan desse stilte også Vilde og Thomas Netland, Otto og Martin Femsteinevik, Mads Stadaas, Trygve Vangsnes, Håkon Hansen og Vegar Berget  til start i dag.  HIL gratulerer med flotte resultat! Du finn fleire resultater på heimesida til Ål IL. Søndag gås det fellesstart.


3.plass på stafetten
Jentene frå HIL opna årets Liatoppshow med å bli nr 3 på dagens stafett. Ragnhild gjekk 1.etappe, Vilde 2.etappe medan Ingvild tok seg av ankeretappen. HIL gratulerer!

resultater 2.dag av liv grete-sprinten
To flotte dager på Bygdastølen er over og HIL vil takka alle som kom og gjorde dagane så vellukka. Det var flott å vere vitne til dei tette duellane på fellesstarten idag, også iveren hos dei minste var upåklagelig, her representert ved Håvard. (bildet). All ære til løparane for fantastisk underhaldning! 73 løparar stilte til start idag. HIL tok 4 KM-titlar, ved Ragnhild og Martin Femsteinevik, Anders Hjartnes og Sindre Hansen. Resultater frå dagens sprint og KM fellesstart finn du under denne reportasjen. Bilder frå helga kjem om nokre dagar, sjå under fana Bildegalleri.  Hålandsdal IL ynskjer velkomen tilbake ved neste høve!



resultater liv grete sprinten 2010
Første dag av Liv Grete-sprinten er over. Mange nye rekruttar i HIL var på startstreken idag, og Maria Haugse Rød (bildet) kan stå som representant for dei nye fremadstormande jentene og gutane. Søndag er det fellesstart frå 13 år og oppover, medan dei yngste går ein ny sprint. Innskytings- og start tid er det same som idag. Samstundes som Liv Grete-renn er det Kretsmesterskap. Vel møtt igjen! Resultater frå dagens renn finn du i linken under.


Ingvild til topps!
Ingvild Berlandstveit gjorde eit sterkt løp i dag og vann sin klasse i Bendit Kvalfossprint 2010.  Ho hadde 8 treff og var halvminuttet føre nr 2 på lista. Løpa går på Fossum skistadion denne helga. Renna vert vanligvis arrangert i Holmenkollen, men som kjent er den under ombygging. HIL gratulerer!! 8 andre løparar frå HIL stilte og til start idag. For alle resultata følg link via skiskyting.no


Søk på siden
 
Kontakt: