Stafettsølv til Hordaland

29.03.2015 at 21:32

Under skiskyttar-NM i Sirdal i dag kom Hordaland sitt fyrste lag på 2.plass på stafetten. Gratulerer så mykje til Bjarte Mørkve (Eldar), Thomas Fenne (Voss), Bjarte Solvang (HIL) og Erling Aalvik (Kvam) med fantastisk gode stafettetappar. Vinnerlaget besto av Emil Hegle Svendsen, Tommy Grøtte, Syver Nygård og Andreas Dahlø Wærnes fra […]

Kongepokal til Bjarte

27.03.2015 at 20:40

Gratulerer så mykje til Bjarte Solvang som gjekk inn til gull på sprinten i skiskytter-NM i Sirdal i dag. Bjarte fekk kongepokal for denne flotte prestasjonen. Ein flott dag for Bjarte og alle oss i HIL og Fusa som er så interessert i skiskyting. Sjå norgesmeister Bjarte i NRK-sending her:   […]

3 cup-vinnarar frå HIL

25.03.2015 at 20:02

Gratulerer så mykje til Katarina Aarseth (J 15), Erlend Solvang (G15) og Otto Femsteinveik (G14) som vart samanlagtvinnarar i Sport 1-cupen denne vinteren. Dei har alle hatt ein svært god sesong og vann klassen sin med god margin. Ingrid Hansen (J 13) , Eirik Hjartnes (G 13) og Martin Dale […]

Sport 1 cup nr. 10

25.03.2015 at 19:51

Laurdag 21.mars gjekk det siste lokale rennet denne vinteren av stabelen. Det var normalprogram i Herresåsen på Voss og det 10.rennet i Sport 1-cupen. Gratulerer så mykje til Kristi Skjelbreid Gjelland (J 11), Øyvind Halvorsen (G 13) og Ingrid Hansen (J 13), som vann sine klassar. For alle resultat følg […]

Årsmøte HIL

22.03.2015 at 22:51

Hugs årsmøte i HIL  mandag 23.mars kl 20.00 på Holdhus Oppvekstsenter.

KM i Vik

15.03.2015 at 18:50

Søndag var det klart for det 9.rennet i Sport-1-cupen denne vinteren. Det var sprint for alle til og med 12 år og fellesstart for alle frå 13 år og oppover. Mange gode HIL-resultat i dag også. Sjå resultatliste her: Resultat 15.03.2015 vik  

Fine forhold på Bygdastølen

14.03.2015 at 23:29

Det er sol, snø og fine forhold på Bygdastølen om dagen! Anbefaler alle ein tur opp i påskesola! God tur!

Sport 1 cup i Vik

14.03.2015 at 18:37

Nydeleg ver og mange flotte HIL-løp under normalprogrammet i Vik i dag. Sjå resultatliste her: Resultat 14.03 vik15 .   Søndag er det fellesstart. Heia HIL!

Premieutdeling

10.03.2015 at 07:17

Sparebank Vest Karusellen: Der vert premieutdeling for alle som har gått 3 renn eller meir  på Holdhus Tysdag 10.mars kl 19.00. Vel møtt!

Katarina på 13.plass, Martin på 23.plass

07.03.2015 at 22:38

Ny flott dag under hovedlandsrennet på Svene. Katarina Aarseth (J 15år) skaut 9 treff og kom på ein flott 13.plass på spinten i dag. Martin Dale (G 16 år) skaut feilfritt og suste inn til ein fin 23.plass.  Gratulerer! Også mange andre gode løp og resultat. For alle resultat sjå http://www.hl2015.no/