www.fusa-kraftlag.no 
  


 
 
 
 
 

 
 
 
 
Ottanosi dutahlon 2012  
Hålandsdal Idrettslag og Fusa Sykkel inviterer med dette til Ottanosi Duathlon den 24.6.
Det vert start for trimklasse og konkurranseklasse i Eikelandsosen, turklasse frå Holdhus og fjelltur frå parkeringsplassen ovanfor Heihiller.
Vel møtt til ei fantastisk naturoppleving!!!
 
AB
18.05.2012 Les mer
FUsa grand prix 2012   

Fusa Sykkel skal arrangere Fusa Grand Prix i lysløypa på Holdhus laurdag 19.mai.

Me ber om at utøvarar som ynskjer å trena i løypa eller på standplassen venter med dette til Fusa Grand Prix er avslutta. AB

18.05.2012 Les mer
dugnad på bygdastølen
Laurdag 12.mai vert det DUGNAD PÅ BYGDASTØLEN frå kl 10.00. Gje melding til Gitle (92411157) innan torsdag 10.mai om du kan vere med, slik at det er råd å planleggje arbeidet. HÅPER DU KJEM! Viktig arbeid!
05.05.2012 Les mer
årsfest
25.april var det årsfest for HIL skiskyting. Utøvarane vart presentert og me fekk takka gode trenarar for det flotte arbeidet dei har gjort. Me mimra frå sesongen som har vore med bildekavalkade og me hadde god mat og lotteri. Tusen takk til Sindre Hansen, Ørjan og Espen Grimstvedt for glitrande kulturelt innslag. Dei hadde laga musikkvideo om livet utenfor løypene. Me håper den vert publisert!
20.04.2012  
no er det skiferie!
22 flotte HIL-utøvarar var i dag ferdig med årets skiskyttarsesong etter flott innsats på Liatoppen. Totalt er det over 1000 deltakarar på denne skiskyttarfestivalen som er frå 8-17-åringar. Kjekt å måle seg med gode skiskyttarar frå store delar av landet. Klassane har frå ca 40 til ca 110 deltakarar så her er god konkurranse! Mange gode HIL-løp også i dag. Sjå http://www.liatoppenskiskytterfestival.no/ 
15.04.2012  
flott dag på liatoppen
Katarina Aarseth(bilde) var blant HIL-løparane som gjekk veldig bra på Liatoppen laurdag. Ho gjekk inn til ein flott 10.plass i klassen Jenter 12 år.  Mange andre flotte løp og resultat.  Sjå RESULTAT på http://www.liatoppenskiskytterfestival.no/ Her finn du både klubbvis og klassevis resultatlister viss du går inn på html-liste.         KKH
14.04.2012 Les mer
liatoppen skiskytterfestival er i gang
Mange utøvarar frå HIL gjekk Larsen-stafett og renn på Ål fredag. Det var stafettar for 11-16-åringane, og fellesstart for 17-åringane. Gode løp og flott innsats. Gratulerer så mykje til Ragnhild Femsteinevik som vann klassen Kvinner 17 år. Ragnhild fekk då vere med på laget til Tora Berger under årets opningsshow i Ål sentrum (sjå bilde). :-)    KKH
14.04.2012  
Resultat ulvikasprinten
Ein del HIL-løparar var med på KM-Teamsprint på Ulvikafjellet onsdag. Gode prestasjonar bl.a. vann Bjarte Solvang og Martin Femsteinevik klassen Menn 17-20år. Sjekk heile resultatlista her; 
05.04.2012  
Liv grete sprinten resultat
Det vart ein flott dag når Hålandsdal Idrettslag arrangerte Liv Grete-sprinten i Herresåsen saman med Voss SSL i dag 31.mars. Tusen takk til alle som var med å gjorde finalen i Sport1-cupen til eit flott renn! Resultatlista finn du her Mange flotte HIL-løp, bl.a. 1.plass til Otto Femsteinevik, 2.plass til Erlend Solvang og 3.plass til Jens Vindenes, Martin Dale og  Maria Haugse Rød. Maria skaut fullt hus i dag og vart medlem av den eksklusive nullarklubben Diamond League. I juniorklassane vart det 1.plass til Ingvild, Martin og Heidi i dag. Vinnarane i Sport1-cupen denne vinteren vart også heidra under dagens renn. Dei vann kvar sin fine Dale-gensar og gåvekort frå Sport1. Det var ikkje HIL-løparar som nådde heilt til topps i 13-16-årsklassane i år.                         KKH
     
Sjå fleire bilder under...
31.03.2012 Les mer

flytting av Liv Grete Sprinten 2012

På grunn av snømangel er Liv Grete Sprinten 2012, som vert arrangert laurdag 31/3, flytta til Herresåsen, Voss. Tidspunkt for innskyting og start vert slik det står i invitasjonen. Sjå /Resources/Haalandsdalen/Files/Innbyding LG_sprint_2012.pdf
AB
26.03.2012 Les mer
Kontakt:    
 
 
 
 
               http://www.hålandsdalen.no/
 
 
               http://www.ewos.com/
 
 
           http://www.tombre.no/